Kampen
Lengd: 45 minutt
Målgruppe: 10 - 13 år
"Kampen" er eit live høyrespel om å akseptere den ein er. Dette er forteljinga om Andreas på 11 som blir forelska i den nye guten i bygda, kva utfordringar han møter og korleis han lærer å akseptere seg sjølv. Forfattar Geir Egil Eiksund les og fortel frå boka medan musikar Henrik Koppen framførar elektronisk musikk, lydeffektar og lydkulissar i møte med teksta. Både Eiksund og Koppen har liknande erfaringar som Andreas i boka, og deler personlege minne og for å normalisere og ufarleggjere tematikken.
"Kampen" har tidlegare vore vist mellom anna på Lillehammer litteraturfestival, Minipride i Oslo, konferansen "Den mangfaldige nynorsken" på Kulturtanken, biblioteket i Ørsta og poesifestivalen i Ulvik. Skuleåret 2022/2023 vert det turné gjennom Den Kulturelle Skulesekken i Møre og Romsdal og Viken fylkeskommune.
Vil du booke Kampen? Send ein førespurnad til:
h.koppen(a)gmail.com
geir.egil(a)gmail.com
Boka "Kampen" av Geir Egil Eiksund vart gjeven ut på Samlaget i 2021 og kan m.a. kjøpast her!

Framsyning av "Kampen" på Ørsta folkebibliotek våren 2022. Foto: Joachim Kroken Åsebø

Framsyning av "Kampen" på konferansen "Den mangfaldige nynorsken" på Kulturtanken våren 2022. Foto: Trine Ruud Grønningen

Framsyning av "Kampen" på konferansen "Den mangfaldige nynorsken" på Kulturtanken våren 2022. Foto: Trine Ruud Grønningen

Framsyninga av "Kampen" på Komma under Lillehammer litteraturfestival 2022. Foto: Trine Ruud Grønningen