Ein fullkomen skulpturpark
6th of August 2016
'The Perfect Sculpture Park ' exhibited in Munkehagen festival in Stavanger. The sculpture park is consisting of thirty imaginary sculptures represented by a describing sign.
Stilt ut i festivalen Munkehagen i Stavanger. Verket består av 30 imaginære skulpturar representert med eit skildrande skilt.
Utvalde verk frå skulpturparken:
- Eit skjellsetjande verk som minner deg på
at du ein gong skal døy.
- Ein abstrakt skulptur som gjer deg litt kåt
- Ein installasjon som forandrar seg etter vêr og vind.
- Ein stadspesifikk skulptur som kommenterer
historia til akkurat denne bydelen i Stavanger,
og på same tid kommenterer eit globalt,
dagsaktuelt fenomen.
- Ein selfie-venleg, blank installasjon.
- Eit verk du først trudde berre var noko
parkvesenet hadde gløymt å rydde opp,
før du innser at dette kanskje er det mest
gjennomtenkte verket i heile skulpturparken.
- Eit fargerikt verk nært vegen som skal lokke tilfeldige
forbipasserande inn i skulpturparken.







